ANALYSE AV ANNONSAR

Nedanfor finn du eit skjema du kan bruke som utgangspunkt for analyse av annonsar. Hugs at du aldri vil finne alle verkemiddel i alle annonsar. Du skal kommentere dei verkemidla som er brukt i annonsen du analyserer ved å trekke fram konkrete eksempel frå annonsen og seie noko om kva funksjon desse har i annonsen.

1.Presenter annonsen/annonsane du skal analysere


2.Klargjer kommunikasjonssituasjonen (kva veit du om avsendar, målgruppe

og situasjonen annosen/annonsane har blitt til i?)

Kva er hensikten med annonsen? (informere?, selje eit produkt?)


3.Gje ein oversikt over innhaldet i annonsen/annonsane (bilete, overskrift, tekst, logo)

Kommenter biletet/bileta i annonsen. Det/dei fungerer ofte som blikkfang.

(Er det noen del av biletet som fangar blikket ditt?, Kva er i bakgrunnen?

Er det gjenstandar som har symbolverdi?, Korleis er fargebruken?)


4.Kva gjer annonsøren for å overbevise mottakar om bodskapen?

Her må du peike på så mange verkemiddel som mogeleg i annonsen. Pass

på at du seier noe om kva funksjon/verknad dei ulike verkemidla har.

Eit svært vanleg verkemiddel er å la ein eller fleire personar fortelje ein

historie eller skrive ein personleg prega tekst.

Vanlege verkemiddel i annonsar:

- bruk av bilete og overskrift

- bruk av pronemena du/deg, vi/oss

- gjentakingar

- kontrastar

- vise til ekspertar eller kjendisar

- framheve eit produkt som noe nytt

- framheve noe som eksklusivt eller eksotisk

- bruk av positivt ladde ord

- bruk av retoriske spørsmål

- bruk av humor

- overdrivingar

- biletbruk (samalikningar, metaforar, symbolar)

- korte og ofte ufullstendige setningar

- teiknsetting (til dømes utropsteikn)

5.Pass på at du brukar plass på å svare på den siste delen av oppgåva der du ofte blir beden om å kommentere eller vurdere innhaldet i annonsen