Svake verb

Svake verb er verb som får ending i preteritum (-a, -te, -de, -dde)


A-verb

A-verb endar på -ar i presens og -a i pretertum og presens preteritum

Dei fleste a-verb endar på -te i preteritum på bokmål


Infinitiv

Presens

Preteritum

Presens preteritum

å sykle

syklar

sykla

har sykla

å hoppe

hoppar

hoppa

har hoppa


E-verb

E-verb endar på -er i presens og -te/-de i preteritum

Alle verb som endar på -ere i infinitiv er e-verb på nynorsk. Merk også at verba hjelpe og treffe er e-verb på nynorsk


Infinitiv

Presens

Preteritum

Presens preteritum

å meine

meiner

meinte

har meint

å vise

viser

viste

har vist

å arbeide

arbeider

arbeidde

har arbeidd

å tenkje

tenkjer

tenkte

har tenkt

å argumentere

argumenterer

argumenterte

har argumentert

å leve

lever

levde

har levd

å hjelpe

hjelper

hjelpte

har hjelpt


Je-verb

Je-verb har kortform i presens og de i preteritum

Infinitiv

Presens

Preteritum

Presens preteritum

å fortelje

fortel

fortalde

har fortalt

å velje

vel

valde

har valt

å spørje

spør

spurde

har spurt

å selje

sel

selde

har selt

å telje

tel

talde

har talt

Dde-verb

Infirnitiv

Presens

Preteritum

Presens preteritum

å tru

trur

trudde

har trudd

å bu

bur

budde

har budd

Verb som endar på -st

Infinitiv

Presens

Preteritum

Presens preteritum

å synast

synest

syntest

har synst

å finnast

finnst

fanst

har funnest