ANALYSE AV ANNONSE (VG 3)

Læreplanmål
Eleven skal kunne analysere og vurdere argumentasjon i og påvirkning fra tekster i aviser, på TV og Internett ved hjelp av
begreper fra retorikken

Generelt om skjemaet og analysen
Skjemaet er ikkje ei fullstendig oversikt over alle verkemiddel du kan støyte på, men eit utgangspunkt for kva du kan sjå etter. Det er viktig at du kan seie noko om kva funksjon dei ulike verkemidla har. Du skal kommentere dei verkemidla du finn, ikkje dei du ikkje finn.

I nokre oppgåver følgjer det eit spørsmål etter analysen der du til dømes kan bli beden om å vurdere annonsen, vurdere verdiane som kjem fram i annonsen eller vurdere verknaden av annonsen. Då må du bruke minst to avsnitt til denne delen av oppgåva.


Innleiing
Teksten må ha ei innleiing der du presenterer annonsen du skal skrive om.
  • kven er sendar?
  • kven er mottakar? (rettar annonsen seg mot ei bestemt målgruppe?)
  • formål med annonsen
    - selje eit produkt?
    - informere om noko?
    - appell til å handle på ein bestemt måte?
  • i kva medium og i kva samanheng (kairos) har annonsen stått på trykk?

Hovuddel
1.Gje ein oversikt over heile annonsen
  • korleis er layouten?
  • kva fungerer som blikkfang i annonsen?
  • korleis er dei ulike innholdsmomenta presentert (tekst, bilete, layout, fargar, skrifttypar)
  • korleis er biletet komponert (utsnitt, perspektiv, forgrunn/bakgrunn, det gylne snitt)
  • korleis er innhaldsmomenta plassert i forhold til kvarandre?
  • kva fargar dominerer i annonsen?
  • kva blir framheva av fargebruken?

2.Beskriv den overbevisande kraften teksten har (korleis apellerer avsendar til etos, patos og logos)
Logos
  • Kva argumentasjonsstrategiar brukar avsendaren for å overbevise mottakarane?
    - kva argument bruker sendar for å anbefale eit produkt?

Etos
  • kva truverdige karaktertrekk forsøker avsendar å vise (forstandigheit, dyd/gode verdiar, velvilje, autensitet) og
korleis kjem dette fram i teksten?
  • blir det vist til kunnskap og erfaring?
  • blir produktet framstilt som ein nyheit?
  • blir det brukt konkrete eksempel gjennom kjendisar eller vanlege menneske?

Patos
  • Kva følelsar forsøker avsendaren å vekkje, og korleis kjem dette til uttrykk i teksten?
    - kva stemning vekkjer fargane som er brukt?
    - appellerer teksten til ein spesiell livsstil?
    - fokuserer annonsen på ein form for lykke?
    - er det brukt humor?
    - er det brukt retoriske spørsmål?
    - er det noko som blir gjentatt?
    - er det klare kontrastar i annonsen?
    - er det spesielle trekk ved språket? (samanlikningar, symbol, metaforar, plussord, slagord, ordspel, rytmiske element som
    bokstavrim)?
    - er pronomen som du, din, vi, våre brukt i teksten

3.Vurdering
I nokre oppgåver blir du bedt om å vurdere annonsen. Då kan du bruke punkta nedanfor

Aptum
Aptum tyder passande, sømmeleg eller høveleg og for at ein annonse skal verka overtydande, er det viktig at han blir oppfatta som passande.

Indre aptum
  • Er det eit passande forhold mellom innhald, måten innhaldsmomenta er presentert på og komposisjon?
    Er det ein god heilskap (helhet) i teksten?
    Ytre aptum
  • Er innhaldet og språket tilpassa dei ytre omstenda (omstendighetene): emnet, mottakarane osb.

  • Dette er òg spørsmål du kan stille til ein annonsen:
  • Verkar teksten overbvisande? (Grunngje)
  • Er argumentasjonen haldbar?
  • Kva kunne sendaren gjort annleis for å verke meir overbevisande?