Retorisk analyse av tekstar

Læreplanmål
Eleven skal kunne analysere og vurdere argumentasjon i og påvirkning fra tekster i aviser, på TV og Internett ved hjelp av
begreper fra retorikken

Generelt om skjemaet og analysen
Skjemaet er ikkje ei fullstendig oversikt over alle verkemiddel du kan støyte på, men eit utgangspunkt for kva du kan sjå etter. Det er viktig at du kan seie noko om kva funksjon dei ulike verkemidla har. Du skal kommentere dei verkemidla du finn, ikkje dei du ikkje finn.

Innleiing
Teksten må ha ei innleiing der du presenterer teksten du skal skrive om.
  • kven er sendar?
  • kven er mottakar? (rettar teksten seg mot ei bestemt målgruppe?)
  • kva er tema for teksten?
  • i kva medium og i kva samanheng (kairos) har teksten stått på trykk?

Hovuddel
Hvis du blir beden om å gjere greie for hovudsyn eller hovudsynspunkt, må du gjere det. Det er ikkje det same som eit referat av heile teksten, men du skal få fram kva forfattaren vil med teksten. Kva synspunkt på den saka han/ho skriv om, er det som kjem fram?


1.Gje ein oversikt over teksten (dispositio)
  • korleis er teksten bygd opp?
  • kan teksten delast inn i ulike delar?

2.Beskriv den overbevisande kraften teksten har (korleis apellerer avsendar til etos, patos og logos?)

Dersom det er eit bilete i tilknytning til teksten, må du ta det med i analysen. Her er litt om bildeanalyse.

Logos er knytta til saka og overtyding (Bokmål:overbevisning) ved hjelp av logisk argumentasjon
  • Kva fakta blir presentert om saka? Er det nokre fakta som blir framheva?
  • Blir det trekt fram eksempel som ledd i argumentasjonen?
  • Blir det brukt samanlikningar?
  • Blir det presentert årsaker og verknader?
  • Finner du refleksjon om emnet i teksten?
  • Kva argumentasjonsstrategiar brukar avsendaren for å overbevise mottakarane?
    - anklage (korleis imøtegår avsendar andre argument?)
    - forsvare (kva argument blir brukt for å forsvare eit standpunkt?)
    - anbefale (kva tilrår/anbefaler avsendar av tiltak?)
    - frarå (kva og kvifor frarår avsendar noko?)

Etos er knytta til det truverdet sendar byggjer opp
  • kva truverdige karaktertrekk forsøker avsendar å vise (forstand, dyd/gode verdiar, velvilje, autensitet) og
korleis kjem dette fram i teksten?
- blir personlege pronomen (jeg, du, vi) brukt for å skape god relasjon til mottakar
- blir forfattar presentert med ein tittel eller personleg bakgrunn?
- blir det vist til kunnskap og erfaring?
- låner avsendar autoritet av andre (ekspertar, kjendisar, andre)

Patos er knytta til dei følelsane sendar ønskjer å vekkje hos mottakar
  • Kva følelsar forsøker avsendaren å vekkje, og korleis kjem dette til uttrykk i teksten?
    - er det brukt humor?
    - er det brukt retoriske spørsmål?
    - er det noko som blir gjentatt?
    - er det klare kontrastar i teksten?
    - er det spesielle trekk ved språket? (samanlikningar, symbol, metaforar, plussord, slagord, ordspel, rytmiske element som
    bokstavrim)?

3.Vurdering
I nokre oppgåver blir du bedt om å vurdere argumentasjonen. Då kan du bruke punkta nedanfor

Aptum
Aptum tyder passande, sømmeleg eller høveleg og for at ein tale skal verka overtydande, er det viktig at han blir oppfatta som passande. Her kan ein til dømes tenkje på Martin Luther Kings tale "I Have a Dream". Verkemidla i talen er tilpassa den alvorlege situasjonen som var bakgrunn for talen.

Indre aptum
  • Er det eit passande forhold mellom innhald, måten innhaldsmomenta er presentert på og komposisjon?
    Er det ein god heilskap (helhet) i teksten?
    Ytre aptum
  • Er innhaldet og språket tilpassa dei ytre omstenda (omstendighetene): emnet, talesituasjonen, talaren, tilhøyrarane osb.

  • Dette er òg spørsmål du kan stille til ein tekst:
  • Verkar teksten overbvisande? (Grunngje)
  • Er argumentasjonen haldbar?
  • Er argumentasjonen relevant?
  • Kjem viktige sider ved temaet teksten handlar om fram eller er utvalet av argument einsidig?